ÅRETS FREDSPRIS TIL KRIGSHISSAR
I år gjekk Nobels fredspris til USAs president Barack Obama. I følgje komiteens leiar, Thorbjørn Jagland, er det på grunnlag av Obamas håp om ei betre verd, og hans visjon om ei framtid utan atomvåpen. Han har også prøvd å leggje til rette for at USA kan arbeide meir og betre med miljø i framtida. Det Barack Obama også vil gjere, er å fortsette den kjende «krigen mot terror». Er det berre eg som tykkjer det er ironisk at ein mann som vurderer å sende 40.000 nye soldatar inn i eit allereie i stykkjer-bomba land som Afghanistan, same året blir tildelt Nobels fredspris for sitt «håp om ei betre framtid»? Det er godt mogleg at Obama vil gjere mykkje bra i framtida, men eg meiner at han faktisk burde gjere noko før han blir tildelt ein slik pris, ikkje berre prate om kor mykkje han gjerne vil. Eg gler meg verkeleg til å sjå kva den godeste Barack kjem til å gjere for fred dei neste fire åra. Det hadde vore fantastisk om han faktisk lever opp til forventnigane som følgjar med denne prisen, og gjer noko beundringsverdig for verdensfreden, og ikkje berre ber om meir bombing og drap på sivile.
http://img.modernghana.com/images/content3/204x_mg_trktx_barack.jpg
http://blogs.e-rockford.com/applesauce/files/2009/08/00000afghanistan.jpg
Kelder:
http://klassekampen.no/artikler/utenriks/56698/article/item/null
http://www.aktivioslo.no/nobels-fredspris/nobel-fredsprisvinner.php